No har forskarar plassert måleutstyret sitt mykje lenger nede i berget, fortel Forskning.no.

Fjellområdet har i mange år blitt følgt tett opp av ekspertar og ulike typar måleutstyr. Det nye seismiske måleutstyret som jordskjelvforskarar frå NORSAR har fått på plass, skal gi endå betre overvaking.

Utstyret er plassert i eit borehol som går ned gjennom glideplanet til fjellpartiet – drygt 50 meter under overflata på fjellet. No kan forskarar ta pulsen på berget heilt nede der gigantskredet kan komme til å losne.

Langt nede i berget er det nesten ikkje støy frå andre kjelder. Dersom forskarane høyrer noko, så er det berget som rører på seg.