(Vikebladet:) – Det er ikkje nokon som har gjort noko ulovleg. Me stiller spørsmål ved det etiske. Rådmannen skal vere eit etisk fyrtårn, så må ein kvar gjere seg opp si meining om han har levd opp til dette, seier Ivar Mork, som er leiar i kontrollutvalet i Ulstein kommune.

Frå 1. september 2016 og ut året 2017 hadde Einar Vik Arset permisjon frå stillinga si som rådmann i Ulstein kommune. Han oppretta eit eige firma med namnet Tesra International AS. Gjennom selskapet tok han på seg konsulentoppdrag for mellom anna norske kommunar.

Selde to Ulstein-planar til Vanylven

I permisjonstida har Arset seld to rapportar/planar til Vanylven kommune som Ulstein kommune har laga: «Vald i nære relasjonar» og «Smittevernplan». For arbeidet har Vanylven betalt 75 000 kr.

Søre Sunnmøre Kommunerevisjon reagerte då dei fekk sjå dette og varsla Vest Kontroll.

– For begge planane gjeld det at her berre er minimale redaksjonelle endringar, og Einar hadde hatt tilgang til originale filer som har gjort det enkelt å redigere, skriv revisor.

Arset har ikkje klarert med Ulstein kommune å bruke desse dokumenta. Revisor skriv at det er vanleg å utveksle planar/dokument mellom kommunane.

– Problemstillinga i dette tilfellet er at her har den permitterte rådmannen nytta seg av planar frå arbeidsgivaren han har permisjon frå, og brukt det i næringsverksemda si. Det er vesentleg forskjell på det at ein kommune vender seg til nabokommunen og spør om dei har ein plan som ein kan skjele til/ta utgangspunkt i for å sleppe å finne opp «krutet» på nytt, og der dette er utført til privat vinning, skriv revisor til kontrollutvalet.

– Etisk fyrtårn

Kontrollutvalet i Ulstein har diskutert denne saka på to møte. Møtet i februar valde dei å lukke for ålmenta, for då hadde ikkje Arset fått høve til å kommentere saka. Det fekk han etter februarmøtet, så tysdag denne veka gjekk møtet for opne dører.

Mork presiserer at kontrollutvalet ikkje er nokon domstol. Dei er eit utval som rapporterer til kommunestyret. No spør dei etter etiske retningslinjer.

Mork synest ikkje Arset har svara på det han vart utfordra på. Arset meiner han ikkje har gjort noko ulovleg, men svarer ikkje på etikken i saka.

Kontrollutvalet vedtok på møtet tysdag at dei meiner kommunen sine etiske retningslinjer må etterlevast sjølv om kommunalt tilsette har permisjon frå stillinga si. Kontrollutvalet forventar at rådmann Einar Vik Arset, utan opphald, avklarer etiske tilhøve med Vanylven og Ulstein kommune som følge av det tidlegare private salet av dokument til Vanylven kommune og rapporterer tilbake til kontrollutvalet.

Advokat har sett på saka

Kontrollutvalssekretariatet har mottatt eit notat frå advokat Kjetil Kvammen. Kvammen meiner det ikkje har skjedd noko ulovleg. Det er snakk om offentlege dokument. Ulstein kommune har ikkje lidd økonomisk tap i saka, men advokaten ser det som «utvilsomt uetisk dersom kjøper-kommunen ikke ble informert om de virkelige forhold omkring både dokumentenes opprinnelse og selgerens tilknytting til disse».

Kvammen meiner Arset må rydde opp i eventuelle uklare forhold til Vanylven, om det ikkje alt er gjort.

Kontrollutvalet i Ulstein skal ha saka opp på ny 8. mai. Då vil dei sjå om dei kan få avslutta denne saka og sendt ho for avslutting i kommunestyret.

Denne saka blei først publisert i Vikebladet.