Selde to Ulstein-planar til Vanylven:

Meiner rådmannen kan ha handla i strid med etiske retningslinjer

Kontrollutvalet meiner at Einar Vik Arset kan ha handla i strid med Ulstein kommune sine etiske retningslinjer medan han var i permisjon frå jobben sin som rådmann.

ETISK: Kontrollutvalet meiner det ikkje kan vere likegyldig for Ulstein kommune korleis den tilsette opptrer privat i permisjonstida, anten andsynes eigen arbeidsgivar eller overfor andre, i dette tilfellet Vanylven. Dei forventar at Arset kontaktar Vanylven og rapporterer tilbake til utvalet.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyheter

(Vikebladet:) – Det er ikkje nokon som har gjort noko ulovleg. Me stiller spørsmål ved det etiske. Rådmannen skal vere eit etisk fyrtårn, så må ein kvar gjere seg opp si meining om han har levd opp til dette, seier Ivar Mork, som er leiar i kontrollutvalet i Ulstein kommune.