Ny kontrakt for «Havila Crusader»

Oppstart for kontrakten i løpet av sommaren 2018.

Ny kontrakt: «Havila Crusader» skal operere i minst ti månader i Austersjøen.  Foto: Arkiv

Nyheter

Havila Shipping har inngått ein kontrakt med Allseas for utleige av forsyningsskipet «Havila Crusader». Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

Kontrakten er for ein fast periode på ti månader med opsjon på inntil sju månader ekstra. Fartøyet vil operere i Austersjøen.