(Vikebladet:) Det var gjennom spørsmål frå revisjonen den 19. februar i år at rådmannen i Vanylven vart gjort kjende med påstandane om at om at kommunen hans hadde kjøpt planar med berre minimale endringar samanlikna med Ulstein kommune sine kommunale planar. Han har ikkje hatt tid til å setje seg ned å samanlikne planane for å sjå kor mykje som er endra.

Nørve seier at det ikkje er unormalt at dei ser på andre kommunar sine planar når dei skal lage planar for Vanylven. Problemstillinga her er heller kor store endringar dei har fått for pengane dei har betalt.

– Det var i samband med at kommunane på Søre Sunnmøre skulle ha ei felles prosjektstilling, valdskoordinator, at Vanylven kommune ville ha ein plan for vald i nære relasjonar, fortel han til Vikebladet Vestposten.

Men dette arbeidet med valdskoordinator har stoppa litt opp. Det er uvisst kvar denne stillinga skal vere lokalisert.

Planen «Vald i nære relasjonar» som Einar Vik Arset laga for Vanylven tenkte Nørve på som ei høyringsutkast. Planen er sendt internt til høyring i kommunen, og dei har også fått fleire innspel. Planen er førebels ikkje vedteken.

Rådmann i Vanylven kommune seier at han er litt overraska over påstandane om at Vanylven har kjøpt kommunale planar med berre minimale endringar.

– Kjenner du deg lurt, eller er det for tidleg å svare på?

– Eg kjenner meg ikkje lurt. Det er det for tidleg å seie. Me har kjøpt eit utkast til ein plan med eit innhald me var fornøgde med, svarer Nørve.

Det er også for tidleg for han å svare på kva Vanylven vil gjere vidare med denne saka.

Vanylven skal ha betalt Arset for 50 timar for dei to planane. Timesprisen var 1200 kr. Det vart 75 000 kr med moms.

Denne saka blei først publisert i Vikebladet.

Rådmann Andreas Chr. Nørve veit førebels ikkje kva han skal gjere med denne saka. Foto: Ventd