Politiet i Stryn og Hornindal åtvarar på Facebook mot bedragarar i form av knivsliparar. Dei oppmodar samstundes publikum om å vere varsame med å inngå avtalar med dei, då ein kan bli lurt eller pressa til å betale meir enn avtalt.

Også politiet i Møre og Romsdal har teke i mot tips om folk som har vorte oppringde av nokon som har tilbydd seg å slipe verktøya deira.