Etter Havila Shipping fekk på plass ei kriseløysing for om lag eitt år sidan, har reiarlaget selt unna seks skip dei meiner ikkje har noko framtid i flåten. No er det berre PSV-en Havila Fortress frå 1996 som er til sals, før ryddesjauen er ferdig.

Selt til utlandet

Reiarlaget opplyste i går at dei hadde inngått avtale om å selje dei to PSV-ane Havila Faith og Havila Favour. Havila fortel ikkje kva dei får betalt, men opplyser at det vil gjere lite utslag i rekneskapane.

– Det dreiar seg om ein utanlandsk kjøpar, seier Njål Sævik til Sunnmørsposten.

Grunna avtalen med kjøpar, kan ikkje Sævik no seie meir no om kven kjøparen er, eller kva skipa skal nyttast til.

I opplag

Alle dei tre nemnde PSV-ane har den siste tida vore til kai ved Moltustranda, etter at dei mista kontraktar i Brasil. Dei har vore i «halvvarmt» opplag, der maskinane har vore køyrde med jamne mellomrom – men det er utført lite vedlikehald på skipa elles.

Dei fire ankerhandteringsskipa som er selt tidlegare var stasjonert i Singapore og har hamna hos ulike kjøparar i Asia.

– Skipa som er selt er frå 1990-talet. Dei 19 skipa som blir igjen er alle betydeleg yngre og meir konkurransedyktige, kommenterer Sævik.

Trur på god vår

Herøy-reiaren er glad for at dei tidlegare i veka kunne flagge ein ny kontrakt for PSV-en Havila Crusader og er no meir optimistisk enn på lenge.

– Dei komande månadene trur eg vil by på auka aktivitet på norsk sokkel. Om reiarlaga ikkje slepp laus for mange av skipa i opplag, kan desse månadene bli dei beste på lang tid, seier Sævik.

Også SolstadFarstad-leiinga har nyleg uttalt at dei trur på god betaling for jobbar både for PSV-ar og ankerhandteringsskip i Nordsjøen den komande sesongen.

Betre ratar vil kome godt med for Havila som nyleg leverte eit resultat for 2017, som viste ein halvering av inntektene samanlikna med året før. Resultata var likevel langt betre enn 2016 då dei måtte skrive ned på flåten med kring 900 millionar og enda med eit underskott etter skatt på meir enn éin milliard.

Administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping. Arkivbilde Foto: Staale Wattø