Mare Safety leverer ny redningsbåt

Mare Safety AS frå Ulsteinvik skal levere redningsbåt til plattforma Edvard Grieg for Lundin Norway.

Ny: Den nye redningsbåten frå Mare Safety i Ulsteinvik skal leverast til Edvard Grieg-feltet i Nordsjøen.   Foto: Mare Safety AS

Nyheter

Det opplyser selskapet i ei pressemelding. Tidlegare har selskapet levert redningsbåtar til mellom anna Statoil. Den nye båten skal leverast til Edvard Grieg-feltet, der Lundin Norway er operatør.

Avtalen vart inngått for ei tid tilbake, og båten ligg no klar i hamna på Borgstein i Ulsteinvik. Båten er også den første frå fabrikkhallen til Mare Safety som er godkjend etter den nye Norsok-standarden R-002 2017, eit teknisk krav til løfteutstyr på alle faste og flytande installasjonar, mobile offshoreeiningar, lekterar og fartøy og anlegg der det vert utført petroleumsverksemder.

For produktsjef Geir Ove Molvær i Mare Safety, er det ei stor tillitserklæring at Lundin Norway kom til nettopp dei.

– Vi har gjort vårt ytste for å gje selskapet ein god og driftsikker båt som tilfredsstiller krava til både kunde og regelverk, seier han.

Båten skal leverast i byrjinga av mars månad.