I sommar blir det tryggare å sykle gjennom Sæviktunnelen, Eit nytt system skal varsle bilistane med varsellys når det er syklistar inne i tunnelen.

Statens vegvesen er i full sving med å førebu tiltaket, og så snart frosten slepp taket i grunnen skal eit automatisert system med detektorar i bakken installerast. Målet er å ha systemet klart før sommarsesongen. Dette blir det første varslingsanlegget av denne typen her i fylket, skriv Herøy kommune.

– Herøy kommune gler seg over at vegvesenet har følgt opp saka etter at vi tok kontakt i fjor sommar, seier Tanja Rafteseth i Herøy kommune, og legg til at fleire har teke kontakt om at dei ynskjer å sykle til og frå Runde, men at folk har kvidd seg på grunn av den uoversiktlege Sæviktunnelen.