På fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet i helga vedtok eit stort fleirtal å seie nei til konsekvensutgreiing i inneverande periode. Dermed går fylkespartiet imot det Arbeidarpartiet vedtok på landsmøtet i fjor – og talar partileiar Jonas Gahr Støre midt imot.

– Eg er nøgd med vedtaket om å seie nei, først og fremst fordi dagens kunnskapsgrunnlag bygger kraftig under på at dette er det rette å gjere. Ein har brukt over 755 millionar kroner er på ulike undersøkingar knytt til oljeverksemd utanfor LoVeSe. Så ein har grunnlag til å fatte ei avgjerd i dette, seier Erik Kursetgjerde, fylkestingsrepresentant og ein av dei som stemte for.

Det var AUF Møre og Romsdal som stod bak framlegget og som skal ha mykje av æra, legg han til.

– Tapt på å vere vage

Kursetgjerde meiner Arbeidarpartiet har vore for vag i fleire saker, og dette er ein av dei.

– Resultatet er at vi har plassert oss i eit politisk ingenmannsland, der vi tapar veljarar til begge sider. Uavhengig av om ein står på den eine eller andre sida i spørsmålet om oljeutvinning, må ein evne å forstå at slike mellomløysingar ikkje overtyder verken idealistar på venstresida, eller pragmatikarar som soknar mot sentrum, sjå Kursetgjerde i innlegget sitt.

– Med dette grunnlaget er vi på rett veg, seier han.

Han legg til at han framleis meiner at vi skal ha ei petroleumsnæring i lang tid framover.

– Men utviklinga går i retning av at vi skal over frå fossil til fornybar energi. Spørsmålet er ikkje lenger om vi skal det - men korleis, seier han.

Støtte hos fleire

– Har det eigentleg noko konsekvens i praksis å vedta dette no, når Venstre allereie har fått dette inn i samarbeidsavtalen?

– Eg trur ikkje LoVeSe hadde vore aktuell i denne perioden uansett for konsekvensutgreiing, men kva som skjer framover er vanskeleg å spå. Det er viktig at Arbeidarpartiet legg nyte føringar for korleis ein skal handtere denne saka, seier Kursetgjerde.

I tillegg til AUF, har også blant anna Hedmark og Oppland Arbeiderparti fatta liknande vedtak i saka.

– Desse vedtaka vil utan tvil vere viktig i tida framover på korleis partiet skal handtere saka. Det er på mange måtar eit grasrotopprør!