Noregsmeisterskapen i innandørs bogeskyting, som går av stabelen 16. – 18. mars, blir den tredje største nokon sinne, ifølgje Norges Bueskytterforbund.

384 deltakarar er venta på arrangementet i Vigrahallen.

Foreldre som har born ved Vigra skule har fått varsel om at både skule og SFO held stengt på fredag grunna NM. Det har blant anna med tryggleik å gjere – men det er altså ikkje fare for at pilane skal flyge veggimellom som gjer at skulen må stenge dørene, forsikrar rektor Åse Elisabeth Skjærseth.

– Nei da! Dei skyt mot blinkar og nett, så dette har ikkje noko med sjølve sporten å gjere, seier ho.

Derimot handlar det om logistikk og trafikktryggleik rundt eit stort arrangement.

– Det er ganske stort for ein liten kommune å arrangere eit NM. Så snart det blei klart at det skulle vere NM her, blei det lagt inn i skoleruta. Det skjedde for over eitt år sidan, i samråd med Elevråd,arrangøren, FAU, skuleeigar og kultur.

Skulen ligg vegg i vegg med idrettshallen, og nyttar hallen til SFO-aktivitetar og kroppsøving. No er det idretten som skal nytte hallen og området. Garderobar og toalett ved skulen takast i bruk, og parkering skjer inne på området til skulen.

– Det blir mykje folk med bogeskyttarar og tilskodarar, og mykje bilar, og dei kjem seg ikkje til området utan å krysse skuleplana. Så det ville vore krevjande å ha skule som vanleg, seier Skjærseth.

Mange elevar ved skulen skal også bidra under arrangementet med å lage mat, lage plakatar og hjelpe til med rydding og rigging. Mange er også aktive og gjer det bra i sporten: Vigra IL Bueskyttere har 65 medlem.