Kurs i skredredning

Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe er denne veka teknisk arrangør for det årlege nasjonale skredredningskurset i Norges Røde Kors Hjelpekorps.

ØVING: Bildet er frå ei øving i 2015. Arkivfoto: Olav Standal Tangen  Foto: OLAV STANDAL TANGEN

Nyheter

Kurset blir arrangert på Standalseidet i Ørsta frå 11. til 18. mars og har deltakarar frå heile landet, frå Rjukan i sør til Finnmark og Svalbard i nord.

Redningstenesta på Island er også representert. Instruktørane er frå skredredningsgrupper i heile landet. Kurset er høgaste utdanning innan skredredning som blir arrangert i Norge.

Ifølgje ei pressemelding blir kurset avslutta laurdag med stor redningsøving i området mellom Standalshytta og Fingeren.

Der deltek hjelpekorps frå Sunnmøre og Nordfjord, Norske Redningshunder, politi, luftambulanse, redningshelikopter og andre.