Tiltalt for grovt narko-lovbrot:

Skal ha henta 200 gram amfetamin i Volda

Ein mann i 40-åra er i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for fleire lovbrot. Mannen skal ha mellomanna ha henta 200 gram amfetamin.

Søre Sunnmøre tingrett  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Statsadvokaten har teke ut tiltale mot ein mann i 40-åra frå Søre Sunnmøre.

Mannen er blant anna tiltalt for brot på straffelova § 232, grove narkotikalovbrot, som kan straffast med inntil ti år i fengsel.

Det var i juli 2016 at mannen, ifølgje tiltalen, henta 200 gram amfetamin i Volda. Han skal ha levert delar av dette til ein annan person. Då han seinare same natt blei arrestert av politiet, oppbevarte han i bilen sin cirka 55 gram amfetamin, 240 tablettar ritalin og 1,2 gram hasj.

Han er også tiltalt for andre mindre alvorlege forhold, blant anna for å ha køyrd bil utan gyldig førarkort og for å ha brukt og oppbevart mindre mengder narkotika.