Det meiner 15 advokatar som har skrive brev til justisminister Sylvi Listhaug (Frp) der dei føreslår ei endring av domstolsgrensene på Sunnmøre.

Advokatane argumenterer med at Ulstein og Hareid har fastlandssamband med Volda, medan ein må bruke ferje for å kome seg til Ålesund.

Styrking av domstolen

Dei legg også til det er viktig å styrke domstolen i Volda.

– Tingretten er også svært viktig for å halde oppe eit godt advokattilbod for folket på søre Sunnmøre. Søre Sunnmøre tingrett er etter vår erfaring velfungerande. Men samanlikna med andre domstolar er den underbemanna, skriv advokatane i brevet, og etterlyser ei tingrettsdommarstilling.

Underskrivarane

Dei 15 advokatane på Sunnmøre og i Nordfjord som har skrive under er Espen Rekkedal, Cathrin Lid Heilund, Linda Brevik, Cecilie Langva, Thore Heggen, Per Maurset, Lars E. Sande, Per Kjetil Stautland, Nina Prestegarden Vatne, Hege Stenkløv, Reidar Blom, Thomas Lundberg, Roy Henning Haddal, Atgeir Almestad og Jørund Knardal.