Ferjene trafikkerer verdas første heilelektriske samband, Lote-Anda.

For Fjord1 har bygginga av desse to ferjene vore eit prestisjeprosjekt som selskapet er svært stolt over å ha lukkast med, heiter det i ei pressemelding.

- Dette er ein merkedag i Fjord1. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere leiande i dette miljøskiftet, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

I følgje NRK Sogn og Fjordane møtte over 500 opp til dåpen, der det vart servert sveler, dåpskake og kaffi. Dei som ville fekk også gå om bord i MF Eidsfjord for omvisning.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland og styremedlem Per Sævik.