Det er lokalavisa Vestlandsnytt som melder dette.

11-12 fiskararbeidsplassar går tapt med salet av ringnotsnurparen «Herøy» til utlandet. Båten er seld til eit selskap på Færøyane og skal leverast 30.april.

– Tapet av arbeidsplassane er den negative sida av saka. Det positive er at kvotane blir igjen i Herøy, seier Eros-leiar Per Magne Eggesbø til Vestlandsnytt.

Eros-reiarlaget har eigd og drive «Herøy» etter at dei gjekk saman med Kings Bay og Smaragd og kjøpte «Zeta» som båten då heitte i 2010. No skal basiskvoten på 500 tonn fordelast på dei tre eigarane og både «Eros», «Kings Bay» og «Smaragd» vil dermed nærme seg det nye kvotetaket på 850 tonn på alle tre, opplyser Eggesbø.

Han ønskjer ikkje å gå ut med kva dei færøyiske kjøparane skal ha betalt for båten.

– Men dei får ein godt driven båt som har vore halden i god stand frå fyrste dag, lovar Eggesbø.

Strukturering var i tankane allereie då dei kjøpte båten, men ifylgje Eggesbø har struktureringsproblematikken vore eit langt lerret å bleike. Eidesen-utvalget sitt forslag om evigvarande kvotar kokte vekk i kålen under den politiske behandlinga, og reglane er framleis slik dei har vore dei siste åtte-ti åra.

– Vi reknar heller ikkje med at det blir dei store endringane, så difor tek vi sjansen og strukturerer no, forklarer Eggesbø.

Alternativet hadde vore å drive båten vidare. Det ville ha medført behov for oppgradering og investeringar, og difor fann eigarane ut at tida for å dele opp kvotane var den rette.

– Vi kom til at det no var rett tid å strukturere på, seier Per Magne Eggesbø til avisa Vestlandsnytt.