Filmen reklamerer for lærarutdanninga i Volda og er eitt av fleire grep som høgskulen no brukar for å få flest mogleg søkjarar.

– Eg blir rørt av å sjå dette. Det spelar på kjensler og viser at mange lærarar utgjer ein forskjell, seier Veronica Kvalen Pilskog som har ansvar for studentrekruttering ved Høgskulen i Volda.

Sjå videoen på Facebook-sida til Høgskulen i Volda

Første gong

Det er første gong høgskulen har brukt såkalla «influencers», påverkarar, i marknadsføringa.

Det var dels kontaktar og dels flaks som gjorde at dei fekk Youtubaren Preben Fjell på laget. Skulen la ikkje føringar på kva han skulle seie. Det som skjer er at Fjell ringer ein tidlegare lærar og berre vil seie takk. Det er tydeleg at læraren har betydd svært mykje for han, og han begynner å grine.

– Dette er ein sterk film og viser kor viktig ein lærar kan vere, meiner Ronny Bahl, som er lærling ved høgskulen, i kontor- og administrasjonsfaget.

Høgskulen har også fått laga fleire filmar med unge og nyutdanna lærarar, som trivest med valet dei har teke.

Terese Balsnes, leiar for kontor for samfunnskontakt, fortel at høgskulen har eit totalbudsjett på 2,6 millionar til arbeidet med å rekruttere studentar. Dette er totalt og gjeld ikkje berre lærarstudentar.

Les også: Utdannar på langt nær nok til å dekke lærarmangelen i regionen

Sikker jobb

Tysdag hadde Høgskulen i Volda seminar der dei hadde fokus på kva som kan gjerast for å få fleire til å velje lærarutdanning.

– Dette går i bølgjer. I det siste har vi merka at fleire er ute etter å få seg ein sikker jobb, og tenker at dei vil bli lærarar eller sjukepleiarar, sa Liv Ose, rådgjevar ved Ulstein vidaregåande skule.

Nokon fasit kom ikkje på seminaret, men blant det blei halde fram at ein må få fram kvaliteten både på Volda som studiestad og i utdanninga, blant anna med gode praksisskular. Det blei også sagt at det er viktig å få politikarane til å snakke positivt om læraryrket.

Ei utfordring er det også å få studentane til å sjå for seg fem år i Volda. Hittil har fleire flytta til større byar etter tre år. Dette skal ha blitt verre å få til med det nye masterløpet.

Treng mange nye lærarar

Snittalderen for lærarar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal er rundt 55 år. Det betyr at det blir stort behov for fleire lærarar i åra som kjem.

Utdanning: Rune S. Opstad er assisterande fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal og var ein av innleiarane på seminaret om rekruttering til lærarutdanninga. Foto: Anne-Mari Tomasgard

For tre år sidan hadde Møre og Romsdal fylkeskommune tusen søkjarar til rundt 100 stillingar. No er dei igjen i gang med ein stor kampanje for å få nye lærarar inn i skulen.

– Vi har stort sett greidd å få tak i lærarar, men vi må vere obs på at det kan bli ei utfordring i framtida også for oss, seier Opstad og legg til at det varierer med fag og geografi.

Vidaregåande skule er utsett for konjunkturar og merkar fort nedgang i næringslivet. Den nedgangen ein såg for ei tid tilbake gav fleire godt kvalifiserte søkjarar til lærarjobbar.

Høgskulen i Volda utdannar også lærarar til vidaregåande skule. Ikkje minst gjennom PPU, Praktisk pedagogisk utdanning, for folk med ulike fagutdanningar. Ei utfordringa vore å få nok praksisplassar.

– Det er viktig at vi stiller opp med praksisplassar og ikkje blir ein flaskehals, seier Opstad.