Får hjelp av YouTube-kjendis Preben Fjell:

Sterke kjensler skal lokke fleire til lærarutdanning i Volda

Fleire tusen har på få dagar sett filmen der YouTube-kjendis Preben Fjell ringer til sin tidlegare lærar for å takke henne. Det blir ein sterk og gråtkvalt samtale.

Marknadsføring: Avdelinga for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda jobbar knallhardt med marknadsføring fram mot søknadsfristen 15. april, for å få flest mogleg til å søkje på lærarutdanning og andre studietilbod. Filmen med Youtubaren Preben Fjell (bildet på veggen) spelar på kjensler. Frå venstre: Ronny Bahl, Terese Balsnes og Veronica Kvalen Pilskog. 

Nyheter

Filmen reklamerer for lærarutdanninga i Volda og er eitt av fleire grep som høgskulen no brukar for å få flest mogleg søkjarar.