Ei større kraftutveksling med EU vil føre til import av høgare straumprisar. Det kan føre til industridød i mange lokalsamfunn.

Det meiner Norddal kommunestyre, og går sterkt imot at Norge blir underlagt EU sitt energibyrå Acer.

Kommunestyret krev at saka blir behandla etter paragraf 115 i Grunnlova om suverenitetsavståing.

Det var Terje Linge (SV) som fremma saka gjennom ein interpellasjon. Denne vart vedteken mot ei røyst.

I vedtaket heiter det at norske naturressursar må vere underlagt norsk folkestyre. Men no vil regjeringa at EU skal få råderett over den norske vasskrafta.