Grensejustering på indre Sunnmøre:

Norddal vil ikkje sleppe bygder til Stranda

Fleirtalet i bygdene Norddal og Eidsdal vil ut av Norddal kommune. Eit samrøystes kommunestyre seier no blankt nei.

FLYTTING: Fleirtalet av dei spurde i bygdene Eidsdal og Norddal vil ha overflytting til Stranda kommune. Det går eit samla kommunestyre i Norddal no imot. Biletet er frå eit folkemøte i Eidsdal om kommunegrenser.  Foto: Merete L. Rønneberg

Nyheter

– Norddal kommunestyre vil på det mest bestemte gå imot at bygdene Norddal og Eidsdal vert skilte frå Norddal og flytta over til Stranda kommune gjennom ei deling eller grensejustering.