Første ferje komen til Myklebust verft

Den første av dei to plug-in hybridferjene som skal utrustast ved Myklebust verft kom i morgontimane torsdag.

Plug-in hybrid: Den første av dei to hybridfergene som skal utrustast ved Myklebust verft er på plass.  Foto: Kleven

Nyheter

Sunnmørsposten har tidlegare skrive om Myklebust verft og den første ferjejobben deira sidan 1993.

No har den første av dei to plug-in hybridferjene som skal utrustast ved verftet komen, melder Kleven på Facebook.

Myklebust verft skal utruste dei to ferjene på oppdrag frå FosenNamsos Sjø i Trøndelag, og dei skal leverast i slutten av 2018. Ferjene skal setjast inn på sambandet Flakk – Rørvik.

Ferjene vil stort sett segle på elektrisk straum frå, men grunna den svært korte liggetida ved kai (4 minutt), vil ikkje den ladinga vere nok. Batteria i ferjene vil derfor, i tillegg til straumen frå land, òg verte lada med biodieselaggregat om bord.