Klokka 22.20 onsdag kveld melde Vest politidistrikt om ein brann i ein båtfabrikk på Stårheim i Nordfjord.

Det vart observert flammar i eit vindauge, og brannvesenet gjekk i gang med slokking.

Det var ein del røyk på staden, men naudetatane vurderte røyken som ufarleg i nærområdet så lenge den steig rett opp.

– Brannen vart oppdaga av naboar som gjorde ein god innsats med å avgrense utviklinga av brannen fram til brannvesenet kom fram. Skadene på bygningen er difor avgrensa, heiter det i twitter-melding frå Vest politidistrikt ved midnatt.

Inne i fabrikken blir det produsert båtar i glasfiber. Politiet meiner brannen fort kunne blitt verre.

– Her kunne det gått veldig gale. Det er giftige ting som er inne på ein sånn stad, seier politibetjent Eivind Bjørke til NRK Sogn og Fjordane.

Politiet vil opprette sak og etterforske årsaka til brannen.