Vard har inngått kontrakt om bygging av eit nytt fiskefarty for Remøybuen i Fosnavåg.

Båten skal leverast frå Vard Aukra i siste kvartal neste år.

Kontrakten har ein verdi på rundt 60 millionar kroner, går det fram av ei pressemelding frå Vard-konsernet.

Det er Herøy-reiar Hans Remøy som har tinga båten. Han har med seg partnerane Dag Remøy, Vegard Kvalsvik og Helge Kvalsvik.

– Vi satsar på å fiske for rundt 20 millionar i året, så dette trur eg vert ei god satsing, seier reiar Hans Remøy til nett.no (krev innlogging).

Båten er teikna av Fosnavåg-selskapet West Maritim, og det vert satsa på isa ferskfisk i kar.

– Vi reknar med å kunne ta rundt 60 tonn fangst, seier Remøy.

Han opplyser at det er ei rekkje nyvinningar om bord.

– Mellom anna er alle vinsjar og tromlar heilelektriske, noko kystflåten tidlegare ikkje har hatt. Dette er på mange måtar ein ny generasjons miljøbåt under 28 meter, seier Remøy til nett.no.