– Dei fleste grasbrannane har oppstått på grunn bråtebrann som har kome ut av kontroll, seier brannmeister Stian Jørgensen ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Den mest alvorlege er bråtebrannen i Hallebygda ved Larsnes i dag, som første til at ei løe brende ned, eit bustadhus fekk ytre skadar og det tok fyr i skogen før brannvesenet fekk kontroll. Dette er ein oversikt over brann i vegetasjonen på Sunnmøre i mars månad:

  • 1. mars: Grasbrann på Gamlem i Haram.

  • 4. mars: Ålesund brannvesen ut for å sløkke eit bål på Spjelkavikneset.

  • 14. mars: Hareid. Bråtebrann ute av kontroll.

  • I dag: Åram i Vanylven. Bråtebrann ute av kontroll.

  • I dag: Leinøya i Herøy. Grasbrann ved fleire bustadhus.

I tillegg har brannvesenet rykka ut til fleire bråtebrannar som har viser seg å vere under kontroll.

– Gje beskjed

Vi er veldig glad når folk ringer oss og gir beskjed før dei startar ein bråtebrann, seier Jørgensen på 110-sentralen.

– Vi køyrer ut på mange bål som blir meldt. Dersom det er fyrt opp nær eit hus, kan det på avstand sjå ut som at det er fyr i huset. Når vi får inn slike meldingar, er det bra om vi har notert ned at det nokon som held på. Ring oss på 7011 9999, seier Jørgensen.

Tørt i marka

Det har vore svært lite nedbør og svært tørt på Nordvestlandet i fleire veker. 2.-9. mars var det bålforbod i Ålesund, Giske og Haram.

– Det er kvar enkelt brannsjef som legg ned forbod, vi har ingen myndigheit til dette, seier brannmeisteren ved 110-sentralen.

Han oppfordrar folk til å spørje seg om det verkeleg er nødvendig å tenne opp bål no. Frå søndag kveld er det meldt litt regn, men Jørgensen oppfordrar folk til å bruke hovudet, tenke på vindforhold og på avstand til vegetasjon.

– Det er frykteleg tørt i heile vegetasjonen langs kysten her. Om du er i tvil, ta ein prat med brannvesenet eller teknisk etat i eigen kommune, seier Stian Jørgensen.