Det seier ordførar Eva Hove (Ap) i Stordal, og legg til at ingen som har vore i Stordal, kan ha unngått å legge merke til det store lagerbygget som ligg ved fjorden.

Det første ein ser

Ho snakkar om det brunoransje lagerbygget som er noko av det første som møter deg når du kjem til bygda, anten du kjem langs vegen eller fjorden.

No har Stordal kommunestyre vedteke å be administrasjonen om å gjennomføre ein tilbodskonkurranse, der kailageret vert tilbydd gratis til dei som kan gjere seg nytte av det.

Må fjernast

Men det er då ein føresetnad at bygget blir fjerna slik at berre murane står att.

– Gjenbruk av bygget i Stordal kommune skal føretrekkast, heiter det vidare i vedtaket frå kommunestyret.

– Kailageret har vore tema i fleire samanhengar. Vi tenkjer at tomta kunne ha vore brukt til noko anna enn eit lager. Å fjerne lagerbygget ville i seg sjølv vere eit estetisk løft for området, meiner Eva Hove.

Ho seier at tomta der lageret ligg, er også regulert til hotell og forretningsverksemd.

– På eit tidspunkt var det konkrete planar om å bygge eit hotell her, noko det ikkje vart noko av, legg Stordal-ordføraren til.

På eit møte som «Vekst i Stordal» arrangerte for ei tid tilbake, der temaet var satsing på reiseliv, var det fleire som hadde tankar om kva ein kan bruke denne attraktive sentrumstomta til for å styrke reiselivet i kommunen.

Planar

No ligg det føre konkrete planar for bruk av tomta, men dette kan ikkje Hove seie noko meir om no–før dei er tilstrekkeleg avklara.

– Men første steg må uansett vere å få fjerna det bygget som står der i dag. Derfor ynskjer altså kommunestyret å undersøke om nokon kunne vere interessert i å demontere lageret og finne ein anna bruk for det, seier ordførar Eva Hove.

Eva Hove, ordførar i Stordal, vil rydde opp i sentrum av Stordal. Foto: Terje Engås