Natt til søndag 3. desember fekk politiet melding om at ei kvinne hadde blitt utsett for eit overfall i Volda sentrum. Eit par dagar etterpå, etter omfattande etterforsking, blei ein utanlandsk statsborgar busett i ein av nabokommunane arrestert og sikta for overfallet.

Detaljane om det som skjedde kjem fram i tiltalen som statsadvokat Jogeir Nogva har teke ut mot mannen.

Klarte å kome seg laus

I tiltalen går det fram at mannen gjekk inn i eit bukollektiv i Volda sentrum rundt klokka tre på natta. Ifølgje tiltalen tok mannen kvelartak på kvinna og drog henne ut av senga ho låg i.

Mannen skal så ha sett seg over henne og halde fram med å ta kvelartak på henne. Kvinna fekk pusteproblem, men klarte å slå og sparke for å kome seg laus frå halsgrepet til mannen.

Ho sprang mot naborommet, medan mannen framleis prøvde å ta eller halde henne.

Har nekta

Statsadvokaten meiner det handlar om grov kroppskrenking fordi det er gjort mot ein forsvarslaus person, utan «foranledning» og har karakter av overfall.

Mannen i 20-åra har vedgått å ha vore i Volda denne kvelden, ifølgje ein tidlegare fengslingskjennelse. Han var rusa og hugsar ikkje noko frå eit gitt tidspunkt, men han har nekta for det han er sikta for.

Mannen har vore varetektsfengsla sidan han blei arrestert. Rettsaka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett komande onsdag og torsdag.