Jan Ove Nygård (57) må nesten vite kva han snakkar om. For han har vore til topps om lag 800 gonger.

Han begynte på midten av 1980-talet og han går opp på fjellet i Stranda heile året. Snøen stoppar han ikkje.

– Eg går på gamle Åsnes fjellski. Det er nesten berre eg som gjer det her. Og så har eg feller under skia. Dei har stått permanent på skia dei siste 15 åra, iallfall.

– På nedoverturen, også?

– Ja, det går så bra, så – i passeleg tempo.

– Du har ikkje vurdert randonee-ski?

– Eg har vurdert det, men slo frå meg tanken. Eg klarer meg godt med dei skia eg har.

Interessa for Roalden var det faren Jørgen som gav han.

– Vi gjekk saman i mange år, mange hundre turar. Men no er han i sitt 86. år og ikkje fullt så sprek lenger. Så han satsar på kortare turar, medan eg held fram som før.

Jan Ove er landpostbod, så det blir helst i helgane og på fridagar at han tek turen til topps, og då gjerne både laurdag og søndag.

– Eg brukar om lag ein time og tjue minutt på turen opp. Då eg var ung gjorde eg turen på 55 minutt.

Turen startar gjerne heimanfrå, anten åleine eller saman med ein kamerat.

Andre gonger går han frå parkeringsplassen oppe på Strandafjellet, og då hender det at folk som tek heisa ser rart på denne karen som går oppover på ski ved sidan av trekket.

Ikkje i skodde

Det kan somme tider blåse hardt på toppen. Men vêret stoppar iallfall ikkje Jan Ove frå å ta turen.

– Då skal det nesten vere jordskjelv. Eller når det er tett skodde. Då er det ikkje tilrådeleg, legg han til.

– Kvifor ikkje andre fjell?

– Men det har det vore. Iallfall før. Eg ha vore på mange av fjella her i distriktet, som til dømes Slogen og Skålatårnet. Sistnemnde har eg besøkt 11 gonger. No blir det mest Roalden.

– Er det ein mani?

– Nei, eller jau. Før var det kanskje litt, iallfall. Då kunne eg vere tidleg oppe, og stå på toppen allereie klokka ni.

Men han vedgår at det framleis kriblar i beina etter å besøke fjellet når han er bortreist.

– Til dømes når eg er på ferie i sørlegare strok, som Hellas eller Kroatia, då saknar eg fjellet heime.

– Du må no bli innmari sprek av all denne springinga opp og ned fjellsida?

– Eg held meg i form, sånn nokolunde.

– Eller, eg er kanskje over middels sprek, legg han til etter å ha tenkt seg om.

Meir folk på fjellet

Tidene har endra seg på alle dei åra han har forsert fjellsida opp til Roalden.

– Før kunne eg gå mykje åleine og fundere. No er det mykje meir folk, ikkje minst etter at Paviljongen vart bygd. For min del var det kanskje betre før, men for Stranda sin del er det bra med fleire besøkande.

– Du har aldri skada deg på veg opp eller ned?

– Nei, det har gått bra, heldigvis. Men det er også difor eg ikkje går i skodda, for det er lett å ramle då.

Så dei fleste minna frå turane er fotografi. Jan Ove Nygård er ein som gjennom åra har delt mange lesarbilete med Sunnmørsposten. Før brukte han fotoapparatet flittig. No er det helst mobiltelefonen han fotograferer med.

Men yndlingsmotivet er framleis Roalden.

Jan Ove Nygård, fotografert av seg sjølv oppe på toppen av Roalden. Foto: Jan Ove Nygård
Det kan ofte blåse friskt oppe på fjellet. Då gjeld det å kle seg godt. Foto: Jan Ove Nygård.
Jan Ove Nygård fotograferer gjerne naturbilete, på veg opp eller ned frå Roalden. Foto: Jan Ove Nygård.