Vestnes-politikaren Knut Flølo var eigentleg budd på pensjonistlivet då han rykka opp og fekk stortingsplass. Men det er ingen sure miner frå Flølo over at det er eit tilbakelagt kapitell, som følgje av at Sylvi Listhaug frå Ørskog trakk seg som justisminister tysdag.

– Eg er sjølvsagt lei meg for at eg må avslutta mi stortingskarriere, men samtidig så er har Sylvi gjort eit klokt val for seg, familien og partiet, seier Flølo til Sunnmørsposten.

Fleire har gitt uttrykk for at det var ei overraskande avgjerd frå Ørskog-statsråden, men Flølo delar ikkje den oppfatninga.

– Nei, eigentleg ikkje. Eg var inne på den tanken då er såg det køyret ho har blitt utsett for. Eg er sjølv familiemann og veit at dette er noko ho gjer, ikkje berre for sin eiga del.

– Har mi fulle støtte

Flølo vil ikkje gå inn på å kommentere grunngjevinga Listhaug skreiv på Facebook tidleg tysdag. Der  skriv ho mellom anna at Jonas Gahr Støre sin hensikt har vore å kneble ytringsfridommen, og at debatten etter hennar omstridde innlegg som starta rabalderet, har omgjort norsk politikk til ein barnehage.

– Dette står ho for sjølv. Ho gjer dette basert på ein heilskapsvurdering, og ho har mi fulle støtte både for avgjerda og grunngjevinga.

– Kunne ho ha gjort noko annleis i denne prosessen?

– Det blir berre spekulasjonar. Heilt til i dag tidleg låg det an til å bli kabinettsspørsmål i Stortinget, og det har ho Sylvi avverja med klokskap.

Forholdet til KrF

– Korleis ser du på forholdet til KrF framover?

– Eg håpar at Krf no sluttar med å ri to hestar i norsk politikk og at dei no er innstilt på å vere eit støtteparti for Høgre-Frp-Venstre-regjeringa.

– Korleis ser du på Erna Solberg sin rolle dei siste vekene?

– Erna er ei stjerne! Eg meiner ho er kjempedyktig og har bare godord å seie om henne.

Tilbake til Vestnes

Allereie onsdag er Sylvi Listhaug tilbake på Stortinget og tek plassen Flølo har hatt i finanskomiteen. Etter det Sunnmørsposten forstår vil stortingsgruppa til partiet møtast over påske og diskutere korleis komitefordelinga blir framover.

Flølo reknar med at han pakkar kofferten og reiser heim til Nordvestlandet når han har ordna det praktiske. Han sitt mellom anna i kommunestyret i Vestnes og har vore i permisjon frå rolla som leiar i planutvalet i kommunen.

– Eg er pensjonist og skal tilbake til lokalpolitikken og truleg fylkestinget. Slik er det å vere vara på Stortinget og eg har vore budd på at noko slikt kunne skje. Eg ser ikkje på det å vende tilbake til heimlege traktar som ein nedtur.

Jan Steinar Engeli Johansen frå Averøy som var 1. vara for Frp i Møre og Romsdal blir sittande i helse- og omsorgskomiteen inntil vidare.