Knut Erik Engh er Framstegspartiet sin einaste ordførar i Møre og Romsdal og seier han støttar avgjerda til Sylvi Listhaug (Frp) frå Ørskog om å trekke seg som justisminister.

– Min første reaksjon er at det er ein trist dag, fordi eg synest Sylvi hadde fortent mykje betre enn dette her. Eg støttar henne fullt og heilt i den avgjerda ho har teke, og det er viktig å vise at det ikkje er andre som skal bestemme kva ho skal meine, seier Engh til Sunnmørsposten.

– Har vore heksejakt

Han støttar Listhaug sitt framstilling om at det har vore ein heksejakt på statsråden frå Ørskog etter at ho la ut Facebook-innlegget som starta rabalderet.

– Ja, eg meiner det har vore ein test på ytringsfridommen og meiner det er rett å kalle det ein heksejakt når ein brukar meir tid på å diskutere retorikk, enn innhaldet i saka.

– Støttar du påstanden om at hensikta til Jonas Gahr Støre har vore å kneble ytringsfridommen i ein viktig debatt?

– Hensikta har heilt klart vore å bli kvitt ein brysam justisminister, og det har de for så vidt lukkast med. Men eg trur ikkje dei vil stå igjen som vinnarar. Eg trur dei vil stå igjen som taparar, svarar Engh.

– Meiner du med det at all kritikken mot Listhaug har vore usakleg?

– Nei, og eg har sagt tidlegare at eg synest at Sylvi kunne ordlagt seg på ein anna måte. Men det er langt frå å gi saklig kritikk, til den heksejakta som har vore no.

Spent på forholdet til KrF

I Ulstein har Engh dei siste åra hatt varaordførar Steinar Torvik frå Kristeleg Folkeparti ved sin side. Engh påpeiker at samarbeidet med Torvik lokalt har vore veldig bra, og tysdag var det Torvik som «heldt fortet» heime i Ulsteinvik, medan Engh var på møte i Oslo.

– Korleis vil det som har skjedd påverke forholdet mellom Frp og KrF?

– Det blir spannande å sjå korleis forholdet mellom partia utviklar seg, og om det vil gjere at forholdet kjølnar. Men eg håpar at ein kan legge saka bak seg, og føre ein meir konstruktiv debatt, seier Engh.

– Listhaug har etter ho trakk seg kalla KrF eit parti utan ryggrad. Støttar du den karakteristikken?

– Det er Sylvi sine ord, men det eg trur ho meiner, er at det er vanskeleg å vite kva side KrF stiller seg på i norsk politikk.

Meiner Erna har vore ryddig

– Korleis trur du dette vil påverke Frp?

– Eg trur vi kjem til å få eit oppsving med tilhengarar, så spørs det om vi greier å behalde dei over tid, svarar Engh.

– Korleis vil du beskrive Erna Solberg si rolle i denne saka?

– Eg har ikkje noko å utsetje på Erna sin måte å jobbe  på i denne saka. Ho har stått fram som veldig ryddig og stått bak både regjeringa og regjeringa sine medlemmar. Samstundes har ho gitt ein god attest til jobbar Sylvi har gjort som ministar, sjølv om ho har vore kritisk til korleis Sylvi har ordlagt seg, seier Engh.