– Dette er «Rolls-Royce» innan rogn, smiler Rune Hoddevik i Pelagia Liavåg i Hjørungavåg.

I store kar ligg rogna til avrenning. Bilde frå sjølve produksjonen får vi ikkje ta. Men pakkinga får vi sjå.

– Med rett kvalitet er dette ei delikatesse i Austen, fortel fabrikksjefen.

Resten av fisken går til mjøl og olje.

Utestengt frå Island

Norske båtar får fiske lodde i islandsk sone – men ikkje når det er sesong for rogn.

Vi har også lodda i Barentshavet, men der er kvoten veldig ustabil. Sist det vart produsert lodderogn i noko særleg kvantum her i Norge var i 2013.

Det er altså i norsk samanheng ei sjeldan matvare som i desse dagar blir klargjort og pakka ved Pelagia Liavåg, i ein kort og hektisk sesong.

Pelagia dominerer

På Island er årets produksjon mindre enn normalt, ifølgje Norges Sildesalgslag.

– Det er islendingane som er førande når det gjeld lodderogn. Men så vidt eg kjenner til, er det i år produsert mindre rogn enn eit normalår på Island. Dermed kan det bli ei underdekning og gode prisar i marknaden, men det vil jo tida vise, seier Kenneth Garvik i Sildelaget.

Her på Nordvestlandet har også Midsund-båten «Nybo» anlegg til å presse og prosessere lodderogn, men det er Pelagia som er dominerande i Norge.

Kaldt vatn

Fabrikksjef Hoddevik vil helle kaldt vatn i blodet på dei som tenker at lodderogn er raske og enkle pengar.

– Dette er eit svært risikabelt produkt med tanke på omsetning, pris og kvalitet. Resultatet av denne produksjonen vil først vise seg etter mange inspeksjonar i lang tid framover, understrekar han.

Hoddevik trur likevel at det er ein veksande marknad. Frå før har dei også tilverking av silderogn.

– Silderogn er sikkert eit produkt som vil ta seg opp, både til medisinsk bruk og til omega-produksjon, og som delikatesse, seier Hoddevik.