(Romsdals Budstikke): Ho opplyser at fylkeslaget dei siste dagane har fått over 110 nye medlemmer. Laget har no om lag 1400 medlemmer. På eit par ettermiddagstimar onsdag kom det til 10 nye medlemmar.

– Trykket kom spesielt på tysdag, då Sylvi gikk av. Då kom det minst 60 nye, seier Fiksdal. Og fortel at mange av dei nye kom frå Molde, sikkert 20, og Vestnes og Hustad i Fræna med 10 kvar.

Glad for engasjement

– Det er ein svært stor auke, veldig bra! Det er flott at folk engasjerer seg, uansett parti. For vår del er det supert med nye og engasjerte medlemmer, med tanke på kommande valkamp, seier Fiksdal.

Listhaug-effekt

Ein del har meldt seg inn via nett, ein del har også ringt og fått hjelp.

– Kva oppgir folk som grunn for at dei vil melde seg inn?

– Dei vi snakkar med, seier at dei vil melde seg inn fordi «nok er nok», og ikkje minst for å uttrykke støtte til Sylvi. Vi ser nok opplagt ein Listhaug-effekt.

– Kva seier dei om Sylvi Listhaug?

– Dei set pris på at ho snakkar «frå levra», at dei forstår kva ho seier. Dei liker at ho er folkeleg, ho snakkar med alle, og er veldig «nedpå» – det såg vi også i valkampen, seier Fiksdal.

Ikkje overraska

For fylkesrådgivaren kom ikkje

tilstrøyminga overraskande.

– Når vi har sett kva støtte det er gitt uttrykk for på Facebook-sida vår, så er det verken rart eller uventa, seier ho.

– Har noko meldt seg ut?

– Nei. Ein del uttrykker rett nok irritasjon over at ho trakk seg, og meiner at ho burde stått på og ikkje gått ut. Men ho er jo slett ikkje ute av politikken, ho er på Stortinget og vil nok markere seg tydeleg der. Og no som ho ikkje er minister, vert det gjerne også meir tid til at ho kan samarbeide med oss lokalt, seier Fiksdal.

Kraftig vekst

Også på landsbasis er det vekst for Frp. Ifølge NTB har 800 personer meldt seg inn i Fremskrittspartiet tirsdag etter at Sylvi Listhaug gikk av som justisminister. I alt har partiet fått drøyt 1.500 nye medlemmer den siste uka mens stormen om Listhaugs omstridte Facebook-innlegg har rast. Det utgjør en medlemsvekst på mer enn 10 prosent.

– Jeg tror dette må være ny rekord for Frp, og det er veldig gledelig, sier Frp-leder Siv Jensen til NRK.

Siden nyttår har 90 meldt seg ut av partiet i år, 14 av dem forrige uke.

Denne saka vart først publisert i Romsdals Budstikke.