– Det er tøft og krevjande, men eg trur alternativet hadde vore veldig mykje verre, seier han til Sunnmørsposten.

Når mannen som leiar fleire enn 20.000 tilsette først har teke seg tida til å reise til Sunnmøre, har han tenkt til å nyte nokre dagar på heimtraktene på Vartdal. Men han takkar høfleg nei til å få med Sunnmørsposten inn på tunet i heimbygda. Slikt vil han helst halde privat.

– Det er brutalt

Torsdag stilte han framfor ein fullsett sal på Næringskonferansen Søre Sunnmøre ved Ørsta kulturhus og snakka både om namneskifte, satsinga på fornybar energi, digitalisering og sjølvsagt oljefallet.

Sætre kom inn i stillinga som konsernsjef då oljeprisen var på kring 90 dollar fatet, men så bar det utfor. Konsekvensane har mellom anna vore å kutte kostnadane i oljeselskapet med ein tredel. Det har både reiarlag og den maritime industrien elles fått merke.

– Det er brutalt, men det har vore heilt naudsynt. Og ikkje gløym at norsk sokkel har vore den olje- og gassprovinsen der ein faktisk har klart å halde oppe og sette i gang nye prosjekt tvers gjennom heile nedturen. Det ser du ikkje nokon annan stad i verda, seier han.

(saka held fram under)

Framleis overkapasitet

Sætre kan ikkje dy seg for å påpeike overkapasiteten som har vore hos reiarlaga – og seier det framleis er eit stykke å gå før det er balanse.

Statoil-sjefen trekk også fram at dei har heldt fram med å investere gjennom krisa, sjølv om det kunne ha vore freistande å strupe heilt igjen.

– Det har vore heilt nødvendig å senke tempoet og bruke meir tid. Ein del av prosjekta våre har vi vore nøydd til å få ned kostnadane på, viss ikkje hadde dei ikkje blitt noko av i det heile, seier han og trekk fram Johan Sverdrup som eit døme.

Slit med å takle syklusar

Ein av dei store utfordringane både for oljeselskapa og leverandørane har vore å ha kontroll på kostnadane i gode tider. Difor har oppturane gjerne vore etterfølgt av smertefulle kuttprosessar.

– Syklusar har vi alltid hatt, og vi har aldri greidd å handtere dei. Med ein gong oppturen kjem, så har kostnadane kome. Men denne gongen skal vi klare det, sa han.

– Korleis skal næringslivet på Nordvestlandet klare å bli mindre sårbare for oljesvingingane?

– Det er å sjå mogelegheitene og kva teknologien kan brukast til, ikkje minst ved å digitalisere, som vil kome inn som ein kjerne i kva vi driv med, seier Sætre.

Sætre seier Statoil i stor grad bruker dei same folka, kunnskapen og teknologien på nye forretningsområde – som vindkraft til havs.

(saka held fram under)

– Vil gripe mogelegheitene

Som eit døme på utviklinga understreka han at mykje av grunnlaget for dei enorme rikdommane som er henta opp på norsk sokkel, bygger på erfaringar frå skipsfarten og fiskeri.

– Det samspelet må takast vidare, seier han.

Sætre vil jobbe tettare med leverandørindustrien og meiner nye mogelegheiter vil opne seg som følgje av at Statoil no har fleire leitebrønnar enn dei har hatt på 25-30 år.

– Og dei mogelegheitene er eg heilt sikker på at dei grip. Industrien her har fantastiske produkt, seier han.

Ei tidlegare skulevenninne var mellom dei Statoil-sjef Eldar Sætre møtte under næringskonferansen i Ørsta torsdag. Foto: Marius Rosbach
Konferansier Hilde Louise Asbjørnsen frå Sykkylven ville vite om oljeselskapa samarbeida om å takle klimautfordringar. Foto: Marius Rosbach