Heimebane nominert til fagprisar

NRK-serien Heimebane har gjort det godt i tv-ruta. No er serien nominert til tre fagprisar.

Nominert: Heimebane, med Ane Dahl Torp og John Carew i spissen, er nominert til tre fagprisar under årets Gullruten.  Foto: Matias Myklebust/NRK

Nyheter

Serien, som finn stad i Ulsteinvik og handlar om det fiktive eliteserielaget Varg, som får Eliteseriens første kvinnelege trenar, er nominert til tre fagprisar under årets Gullruten-tildeling.

Serien, og regissør Arild Andresen, er nominert i kategorien «Beste regi tv-drama», og konkurrerer med NRK-serien En natt og TV2-serien Grenseland.

Den er òg nominert i kategorien «Beste manus tv-drama», der den konkurrerer med NRK-seriane Skam og Zombielars.

Den siste nominasjonen er i kategorien «Beste lydproduksjon / lyddesign» der serien, som einaste drama, konkurrerer mot P3Gull og Stjernekamp, også dei frå NRK.