Fylkesmannen vil flytte Bjørke til Volda

Klokka 12 la fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråding i grensejusteringssakene i Møre og Romsdal.

  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Innbyggarane har sagt kva dei meiner:

  • Bygdene Norddal og Eidsdal vil til Stranda kommune.
  • Liabygda vil framleis vere i Stranda kommune.
  • Bygdene vil framleis vere i Ørsta kommune.
  • Øyane Sandøy, Ona, Orten, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya søker til Aukra kommune.

Det er kommunaldepartementet som skal ta den endelege avgjerda.

Oppdatert klokka 12:

– Saka om grensejustering har vore ei vanskelegare sak enn kommunereforma, sa Solholm først.Planen er at grensejusteringar kan gjennomførast samtidig med kommunereforma, altså 1. januar 2020.

Fylkesmannen ber om at departementet greier ut konsekvensane av denne tilrådinga:

Øyane Sandøy, Ona/Husøya, Orten og Gåsøya: Blir overført til Aukra kommune. Fylkesmannen har lagt vekt på god søknad, at innbyggjarhøyringa har gitt eit klart svar, og på identitet og tilhøyrsle.

Liabygda: Blir ikkje overført til nye Fjord kommune. Fylkesmannen har lagt vekt på at innbyggjarhøyringa gir eit klart svar om å bli verande i Stranda kommune.

Bygdene Norddal og Eidsdal: Blir overført til Stranda kommune.

Bjørke og Viddal: Blir overført frå Ørsta til Volda. Fylkesmannen har lagt vekt på at med Kvivsvegen kan innbyggjarane no bli integrert med Volda. Innbyggjarhøyringa ga ikkje eit klart svar.

Les også: Ungdommen vil til Volda

Indre Gjemnes: Blir overført til nye Molde kommune.

Ifølge fylkesmannen vil departementet prøve å gjere si beslutning før sommaren.