Eg skal forklare kvifor eg er ueinig. Eg har inntrykk av at dei fleste som bor eller er frå Hellesylt, tykkjer at staden er ei vakker perle ved fjorden. Det eg sjølv meiner gjer Hellesylt spesielt vakker samanlikna med andre fjordtettstader, er kombinasjonen av den intakte, eldre trebebyggjinga langs fossen og fjorden, bunde saman av to flotte, gamle steinbruer, samt badestrand og badehus. Men det finaste av alt er for meg utan tvil Grand Hotel.

Den kvite, ærverdige trebygningen i sveitserstil, med forseggjorde utskjeringar, balkongar, og elegante vindauge mellom store lauvtre og glitrande fjord. Og den unike plasseringa med eigen hage, raus sjølinje og fantastisk utsikt over fjorden. Dette skaper ei viktig motvekt mot den andre delen av sentrum som er prega av flate, kantete og arkitektonisk mindre vakre (likevel sjølvsagt viktige og nødvendige!) bygningar som slakteriet, skulen, butikkane og fabrikkane.

Det at Hellesylt står fram som ein vakker stad, trass i sistnemnde bygningar, tenkjer eg skuldast ein hårfin balanse, der naturen og trebebyggjinga dannar motvekta. Riv ein Grand Hotel tenkjer eg det er stor fare for å forrykke denne balansen. Eg meiner bestemt at det da er fare for at Hellesylt mister ein viktig del av sitt unike særpreg.

Etter mi meining er derimot Grand Hotel betydningsfullt også i regional samanheng. Grand Hotel står oppført i «Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi». Der står det at Grand Hotel har verneverdi fordi det er «eit av få bevarte trehotell i fylket».

Men Hellesylt og bygningane i vårt område har betydning også i verdssamanheng, nærare bestemt i verdsarvsamanheng. Geirangerfjorden vart innskriven på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005. Det som gjorde at Geirangerfjorden fekk tildelt denne statusen var ikkje berre dramatisk vakker natur. «Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området» som det står å lese på nettsida «Verdsarv – vestnorsk fjordlandskap». Det var dei gamle, fråflytta gardane som gjorde utslaget til at Geirangerfjorden kom på den lista, som gav ein ekstra dimensjon til naturen. Grand Hotel gir sin eigen dimensjon til Hellesylt. Da kan ein ikkje berre rive fordi det er enklare å bygge nytt!

Eg synest ikkje at argumentasjon som « … det ikkje har lukkast å kombinere nytt med gamalt» held i forhold til prosjektering av Basecamp-hotellet. Ein treng ikkje sjå lenger enn til for eksempel Gloppen Hotell, der ein har lukkast i å binde saman eit byggverk frå tre forskjellige arkitektoniske tidsepokar.

At det kan verte vanskeleg og kostbart med renovering av Grand Hotel vil eg ikkje motseie. Men nettopp her ligg også utfordringa – å gjenskape og nyskape noko unikt og spesielt. Dette er fullt mogleg om ein ser til andre vellukka trehotell i regionen, som har blitt pussa opp frå nærmast «ingenting». Både Villa Norangdal og Hotel Union Øye er hotell som i ettertida er vurdert som verneverdige og som er kjende og verdsette langt utover landegrensene!

Eg vågar å påstå at om ein har budsjett til å prosjektere eit nytt hotell for 120 mill. skulle det vere mogleg å renovere og gjenskape Grand Hotel til opphavleg historisk sus, til noko unikt både interiør- og eksteriørmessig. Altså står fram det å rive ikkje som einaste alternativ!

Eg er ikkje imot bygging av Basecamp-hotellet. Konseptet høyrest tvert om spanande og freistande ut. Men kva med å bygge Hellesylt Basecamp Hotell på meieritomta, med utsikt mot foss og fjell? Det bør absolutt vere mogleg å få til ein kombinasjon med det arkitektonisk nye side om side med det historiske, ærverdige. Sjansen er der til å skape noko unikt der ein tek vare på det særeigne, historiske, samtidig som ein skaper noko nytt og dynamisk. Der sjølve dei arkitektoniske kombinasjonane av gamalt og nytt blir noko større enn summen av delane aleine. Det hadde vore noko å vere stolt av!

Bergen, 18.03.2018 Solveig Charlotte Fivelstad, utflytta Sunnylving

Solveig Charlotte Fivelstad Foto: Privat