Latteren og smilet sat laust på kafeen i Fosnavåg laurdag. Sjølv om hovudpersonen ikkje var til stades, vart genistreken hans mykje omtalt.

Per Sævik er ein populær mann i Herøy. Hurtigrutesatsinga hans har vore det store samtaleemnet etter at kontrakten om drift av fire hurtigruteskip vart kjend fredag.

Livleg prat

– Per er ein av oss. Han er flittig gjest på desse laurdagssamlingane. Når han ikkje er ute og reiser, då blir det sagt. Og det er han ofte. Fredag var han i Oslo og kunne posere saman med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i alle kanalar. Så mykje virak vart det han ikkje fekk plass på flyet heim før laurdag ettermiddag. Og difor kunne han heller ikkje vere med å feire saman med dei andre godt vaksne karane frå byen.

Tyder arbeidsplassar

– Var det her ved borda at hurtigrutesatsinga vart klekt ut?

– Å, nei. Han treng ikkje råd i slike saker. Per veit meir enn alle oss til saman, meiner ein.

– Kva vil det tyde at delar av hurtigruta blir drive frå Herøy?

– Dette blir veldig bra. Det er bra for arbeidsplassane etter nedgangen i offshore, kjem det unisont frå kafégjengen, som stadig må setje seg tettare etter kvart som dei faste deltakarane fyller opp dei ledige stolane.

Gir ringverknader

– Per har gjort ein utruleg god jobb for å få til dette, seier Bjarne Kvalsvik. Med vaffel i eine handa og kaffikoppen i den andre bukserer den uavhengige fylkespolitikaren seg fram mellom stolane for å finne eit ledig sete. Han trur kontrakten vil bety meir for herøysamfunnet enn folk anar.

– På kva måte?

– Dette gjer ringverknader overalt, ikkje minst til designmiljøet og verft, smiler han.

– Tenk berre kva dette vil seie for turistsatsinga i Herøy. Eg trur vi berre har fått sjå starten på ei slik satsing, seier Odd Kvalsvik. Herøy har enda større potensial for turisme, meiner han.

Satsing på turisme

– Korleis då?

– Runde ligg der, men turistar er i aukande grad oppteken av opplevingar. Det kan vi gje dei, seier Kvalsvik, som trur Per Sævik tenker målretta på turis

me når han engasjerer seg i hurtgigrutedrift.

– Og no bør vel hurtigruta leggje til kai i Fosnavåg?

– Når vi har fått tunnel i staden for bru over til Nerlandsøya kan hurtigruta gå denne leia og leggje til kai her, meiner nokon.

Frå eit oppslått eksemplar av Sunnmørsposten lyser teikningane av fire ny hurtigruteskip over kafébordet. Der sit også ein av konstruktørane sjølve, Kjellbjørn Kopperstad. Han er teknisk sjef i Havyard Design.

– Vi har tenkt miljø heile vegen. Dei nye hurtigruteskipa skal kunne gå inn Geirangerfjorden på berre batteri, seier Kopperstad nøgd. Skipa går både på flytande gass (LNG) og batteri, men det er lagt til rette for flytande hydrogen som drivstoff.

– Dette er skip som også skal kunne gå til Svalbard. Det er ein god sjøbåt, meiner konstruktøren, og tek seg ein velfortent bit av vaffelhjartet med rømme og syltetøy. Johan Behrentz

– Dette er bra greie, seier Leidulf Håheim, om kontrakten som Per Sævik sitt selskap Havila Kystruten har fått. Foto: Siv-elin Nærø
Kvar laurdag samlast 20-30 stamgjestar i Restaurant Sjøkanten i Fosnavåg. Foto: Siv-elin Nærø