Feira populær kontrakt på stamkafeen

– Vi skulle ha feira med marsipankake, men vaflar med rømme og syltetøy gjer same nytta.

Det var ikkje vanskeleg å finne noko å snakke om på kafeen i Restaurant Sjøkanten i Fosnavåg laurdag. Frå venstre: Odd Kvalsvik, Bjarne Kvalsvik og Kjellbjørn Kopperstad. Sistnemnde er teknisk sjef i Havyard Design og har leia arbeidet med å designe dei fire hurtigruteskipa.  Foto: Siv-elin Nærø

Nyheter

Latteren og smilet sat laust på kafeen i Fosnavåg laurdag. Sjølv om hovudpersonen ikkje var til stades, vart genistreken hans mykje omtalt.