– På sett og vis er det vel det. Eg ser betydelege moglegheiter i reiseliv, seier ein nøgd Per Sævik til Sunnmørsposten.

– På kva område ser du moglegheiter til vekst?

– Det er eit kjempepotensial i den asiatiske marknaden. I Kina bur det rundt 300 millionar menneske som høyrer til middelklassen. Dei har råd til å reise. Og dei reiser gjerne individuelt, ikkje i grupper. Desse vil vi gjerne vere med å gje eit tilbod, seier Sævik.

– De skal gjere eit framstøyt i Kina?

– Det er vel noko av det den nye salsavdelinga til Havila Kystruten må gripe tak i. Vi må no gå i gang for å med å etablere den nye organisasjonen.

Tru på offshore

– Sonen din Njål skal kanskje styre begge selskapa?

– Eg trur det blir nok å gjere der han er i Havila Shipping. Men vi legg opp til at Havila Management skal tene både Havila Shipping og Havila Kystruten. Då må vi utvide med 20–30 personar. Det er ein god del nye arbeidsplassar i Herøy. I tillegg kjem rundt 300 arbeidsplassar i hurtigruteselskapet, seier Per Sævik, som langt frå har mista trua på offshore.

Det Sævik-eigde Havila Holding har allereie kome godt i gang med reiselivssatsinga.

Sævik eig også i eit hotell på Færøyane.

– Blårussen vil kanskje seie at hotellsatsinga i Fosnavåg ikkje var det rette. Vi er veldig stolte av hotellet vårt, og eg meiner dei som står for drifta har klart det veldig bra i ein marknad som svikta etter offshorekrisa, seier Sævik.

Miljøvennleg

Gjennom dotterselskapet Havilafjord AS, kontrollerer Havila 67 prosent av Fjord1, og er dermed også medeigar i selskapet «The Fjords» som driftar miljøvennlege skip både i Flåm og etter kvart også i Geirangerfjorden.

– Er de førebudd på det som no ligg føre?

– Vi har mange å takke for at vi har fått denne kontrakten, men vi har også ein stor jobb framføre oss. Men «Vi vandrer med freidig mot», seier styreleiaren i Havila og siterer den gamle speidersongen.

– Er det mange som vil bygge skipa dykkar?

– Etter at kontrakten vart offentleg, var det fleire av dei norske verfta som vakna. Vi har vore i kontakt både med tyrkiske, kroatiske, spanske og norske verft, og har kome langt i forhandlingar.

Konkurranse

– Avtalen med staten inneber at dei to selskapa Havila Kystruten og Hurtigruten skal dele på avgangane frå Bergen til Kirkenes. Kva om Hurtigruten gjer alvor av å starte parallelle ruter frå Bergen?

– Dersom dei kan få lønsemd i det, tyder det at det ligg ei gullgruve og ventar på oss når vi med våre nye og energisparande skip attpåtil får statleg støtte for å drifte desse avgangane, seier Per Sævik.

Per Sævik held etter alderen et høgt tempo. Som styreleiar i det familieeigde Havila Holding er han stadig i forhandlingar med ulike instansar. Før han drog til samferdsleministeren i Oslo sist fredag, hadde han lagt bak seg tre bibeltimar på Valderøy bedehus. Han kom seg ikkje heim frå Oslo fredag på grunn av fulle fly til Hovden.

Først langt ut på laurdag kom han seg heim til Herøy, der han velvillig stilte opp for Sunnmørsposten. Då hadde han svara på mellom femti og hundre sms med gratulasjonar etter at kontrakten om hurtigrutedrift vart gjort kjent.

Deretter bar det rett heim for å førebu tale i Ulsteinvik bedehus søndag.

– Er det ikkje pensjonsalder for reiarar som deg?

– Eg høyrer til ein generasjon som ser på arbeid som ei velsigning. Så lenge det er lystbetont ser eg ingen andre måtar å leve på den tida eg har att. Men til tider kan det bli vel mykje velsigning, smiler den aktive leiaren.