Fagbladet Sykepleien har gjennomført ei undersøking der ein av tre sjukepleiarar har svart at dei har delt ut roande og angstdempande medikament på grunn av tidsnaud ein gong i månaden eller oftare. Spørsmåla vart sendt ut til 6.000 sjukepleiarar, og over 1.000 svarte. 26 prosent av deltakarane jobba i den somatiske spesialisthelsetenesta, 36 prosent i psykiatrisk spesialisthelseteneste og 32 prosent i kommunehelsetenesta.

25 prosent av sjukepleiarane meiner det blir brukt for mykje angst- og sovemedisin på deira arbeidsplass, og problemet ser ut til å vere størst på sjukeheimar og i den kommunale omsorgstenesta. Over halvparten av sjukepleiarane som deltok i undersøkinga meiner legane burde vere meir restriktive med å ordinere angst- og sovemedisin. På grunn av fare for å utvikle avhengnad, skal desse preparata brukast i lågast mogleg dosar, og over kortast mogleg tid.

Det er ei viktig undersøking Sykepleien har gjennomført, for dette handlar om omsorg for menneske i svært sårbare situasjonar. Dei kan bli svikta av samfunnet dersom ingen passar på, og dersom ingen varslar om kritikkverdige tilhøve. Sjukepleiarar fortel om smerta ved å måtte ty til medikament, når pasienten eigenleg treng ei hand å halde i eller nokon som har tid til å prate. Ein av dei omtalar det slik: «Det skjærer i sykepleierhjertet når man vet at miljøterapi hadde virket bedre (og er uten bivirkninger), men man må ty til beroligende- og sovemedisin på grunn av for lav grunnbemanning og for lav kompetanse hos personalet.»

Økonomiske ressursar er nødvendig, men det handlar også om haldningar og vilje til å finne løysingar. God pleie er meir enn sårstell og reine senger. Å vise respekt og empati kan gjere stor forskjell, utan at det kostar noko ekstra. Målet er at alle menneske skal ha god livskvalitet, trass i sjukdom og alderdom. Det krev innsats frå både politikarar, helsepersonell, pårørande og frivillige organisasjonar. Første steg for å skape endring, er at det blir sett søkelys på problemet.