Skredet sperrar vegen, og vegtrafikksentralen fekk melding om skredet klokka 06.40. Snøskredet skal vere rundt 50 meter breidt og 5 meter høgt i nedre del.

Marte Bjørlo var på veg til jobb i Stryn då ho møtte skredet.

Sjukepleiar Marte Bjørlo var på veg til jobb i Stryn då ho møtte på raset ei stund før klokka sju søndag morgon.

- Eg køyrde ut av tunnellen, og såg eit stykke framfor bilen at det var noko som ikkje var rett. Etter kvart som eg kom nærare såg eg at det var eit stort snøras. Eg vart møtt av ein kvit vegg. Eg har pendla her i mange år, og har det i bakhovudet at dette er eit område med rasfare, seier Bjørlo til Sunnmørsposten.

Ho var åleine i bilen då ho møtte raset.

- Dette er eit strekke der det har gått ras før. Eg køyrde her også i går kveld, og då hadde det regna mykje og det var vått på vegen. Eg tenkte på at det var rasfare då eg køyrde her i går kveld, seier Bjørlo. Søndag formiddag har ho forseinka kome seg på jobb, via Panoramavegen på nordsida av Nordfjorden.

– Dette er eit stort skred, det er mellom 50 og 60 meter breidt og over 5 meter høgt, seier operasjonsleder Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Det er omkøyring mellom Byrkjelo og Stryn, eller gjennom Stigedalen.  Dersom ein skal frå Eid og austover mot Stryn kan ein køyre panoramavegen på nordsida av Nordfjorden.

Fastbuande som avisa Fjordingen  har prata med seier at skredet har gått vest for det gamle skredet, ved Skrede.

Hovudredningssentralen (HRS) sendte ut helikopter frå Florø, og har ikkje gjort funn, opplyser HRS til NRK Sogn og Fjordane

Politiet opplyser at dei har søkt med redningshunder, og ei skredgruppe frå Ørsta/Volda er på plass. Politiet opplyser til Bergens Tidende at dei har søkt ferdig nedre del av skredet.

Dei har ikkje spesiell mistanke om at nokon er tekne av skredet.

Operasjonsleder Terje Magnusen i Vest politidistrikt opplyser til VG at redningshelikopteret returnerte til Florø like etter klokka ni. Rasområdet blir no søkt i med hund, og dei har i tillegg ein båt på vatnet for å ha kontroll på rasstaden.

Politiet melder på twitter etter klokka 10 at det ikkje er mistanke om at nokon er tatt av raset, og at vegen ikkje vil bli rydda søndag.

Børulf Lefdal i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps seier til Sunnmørsposten at det har vore mellom 20 og 30 personar i sving frå Ørsta og Volda i aksjonen. To lavinehunder frå Norske redningshundar har vore i sving, og Ørsta Røde Kors og Volda Røde Kors har hatt sine redningsbåtar på vatnet, med tre båtførarar i kvar båt.

- Vi har også gjennomsøkt med såkalla recco-utstyr. Dette er søkeutstyr som gir utslag på elektronikk, som til dømes bilradioar, forklarar Lefdal.

Klokka 11.04 melder Vest politidistrikt på twitter at politet avsluttar på staden og dimmitterer alt mannskap som har vore involvert. Det vert tatt ny vurdering mandag formiddag om vegen skal ryddast og evnetuelt opnast.

Skredet har gått over E39 på sørsida av Hornindalsvatnet. Foto: Google maps