(Møre-Nytt) Det seier fylkesmann Lodve Solholm til Møre-Nytt.

Fylkesmannen fekk kraftig kritikk etter at han fredag kunngjorde at han rår til at Bjørke og Viddal krinsar vert flytta til nye Volda kommune, og der han også sa at dersom Ørsta og Volda kommunar tek opp att samtalane om kommunesamanslåing, vil grensejusteringssaka verte lagt i ro.

I saksutgreiinga skreiv fylkesmannen: «Ørsta kommune høyrer til same bu- og arbeidsmarknad som Volda og etter kvart også Hornindal. For Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som skal ta i vare omsynet til samordna regional planlegging og utvikling, vil det vere av større betydning at Ørsta og nye Volda slår seg saman til ein kommune, enn at det blir gjennomført ei grensejustering av Bjørke og Viddal.»

Fleire samanslåingar

– Eg vil understreke at dette er ei grensejusteringssak. Samstundes må eg leggje vekt på det tildelingsbrevet eg fekk før jul, og som gjeld arbeidsoppgåvene våre i 2018. Der går det fram at fylkesmannen skal arbeide vidare med kommunereforma, og det er ei reform som ikkje er ferdig. Eg er overtydd om at det kartet som er teikna for 2020, ikkje er det endelege. Det vil kome fleire samanslåingar, og det vert større kommunar, seier Solholm.

Han har fått kritikk for at han i grensejusteringssaka ikkje la avgjerande vekt på at over 56 prosent av dei som vart spurde i innbyggjargranskinga sa ja til å verte verande i Ørsta.

– For meg vart det eit anna demokratiaspekt som vart viktigare. Det er at det er ein demokratisk rett å kunne røyste i val på dei kandidatane som kan påverke det kommunale tenestetilbodet du får. Når det kommunale tenestetilbodet du då nyttar, er i ein annan kommune, har du ikkje den retten. Dette vart det viktigaste demokratiargumentet for meg. Også når vi tek omsyn til at krinsane er små i folketal, og at det faktisk handla om tolv røyster, seier Solholm.

Fylkesmannen varslar altså at arbeidet med kommunereforma på langt nær er ferdig. Ifølgje Solholm er vi nærast i startfasen.

Stranda kommune

– Dette vert eit pågåande arbeid i åra framover. Vi er også varsla om at dette vert tema for kommuneøkonomiproposisjonen som kjem til våren. Der vil det truleg verte lagt inn «gulrøter» til dei kommunane som er i samanslåingsprosessar, og som vil gå vidare med slike prosessar, seier Solholm.

Han viser også at til at fleire kommunar kjem ned frå gjerdet, og melder seg på samanslåingar.

– Eit døme er Stranda kommune, der eit samrøystes formannskap vil vurdere om Stranda skal knyte seg til andre kommunar. Der er jo også Ørsta og Volda nemnt, seier Solholm. Vidare peikar han på Giske kommune, der det er politisk stemning for å sjå på ei kommunesamanslåing.

Solholm vil ikkje seie noko om når han trur Ørsta og Volda eventuelt vil verte ein felles kommune.

– Men eg trur ein prosess kan kome i gang, og at vi for Møre og Romsdal vil sjå eit heilt anna kart i 2025/2030 enn det vi ser føre oss frå 1. januar 2020, seier Solholm.

Han understrekar at samanslåingsprosessar er tidkrevjande.

– I arbeidet med nye Volda kommune, der prosessen er svært god, ser vi at arbeidet vil ta tre år med å få alt på plass. Det skal byggjast nye organisasjonar, og det er mykje teknisk arbeid med å lage nye kart, gjere ymse registreringar hos statlege mynde osb., seier Solholm.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.