Strandafjellet: Det var innbydande forhold på Strandafjellet Skisenter måndag. Og ca. 2.000 gjestar tok turen hit. FOTO: PRIVAT Foto: Privat
OVERØYE: Også ved Arena Overøye i Stordal var det blå himmel og freistande skibakkar måndag. FOTO: PRIVAT Foto: Privat

Eit strålande vêrvarsel gjer at dei kanskje kjem tilbake i påska. Skianlegga rundt om på Nordvestlandet kan iallfall lokke med fine forhold:

– Vi er klare som eit egg, seier dagleg leiar Rune Støversten ved Arena Overøye. Både i Stordal og ved dei andre skisentera er dei over seg av begeistring for vêrvarselet i påska.

Men allereie før sjølve påskehelga varslar fleire av skianlegga at dette vi no snart har lagt bak oss blir ein kjempebra sesong.

– Dette er bortimot det beste vi nokon gong har opplevd. Og no går vi mot ei draumepåske, seier ein oppglødd Tore Utgård, styreleiar i Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsetra i Sykkylven.

Beste sesong

SKILØPARAR: Magnhild og Inge Krumsvik frå Volda testa skibakkane i Hornindal for første gong måndag. Foto: Terje Engås

Draumepåske håpar også ekteparet Magnhild og Inge Krumsvik på:

– Vi står vanlegvis på ski i Volda Skisenter. Men no har vi besøk, og hadde lyst på prøve anlegget her. Tidlegare har vi berre gått på langrennsski i Hornindal, fortel paret.

Dei har stått ein god del på alpinski opp gjennom åra, og har prøvd bakkar i inn- og utland.

– Eg vil gje dette anlegget i Hornindal terningkast fem, seier Inge Krumsvik.

Ikkje langt unna møter vi på Leif Gausemel, assisterande driftsleiar ved Hornindal Skisenter:

– Dette blir vår aller beste sesong, med over 80 driftsdagar. No er vi klare for påska, og vi trur at langfredag vil bli den mest hektiske dagen.

– Heilt anna enn i fjor

Det er ikkje berre han som no stålset seg til nokre hektiske påskedagar i solskinet. Frank Welle, dagleg leiar ved Ørsta Skisenter, fortel om mykje snø i heile anlegget.

– Korleis blir denne sesongen, om du skal summere opp allereie no?

– Det blir eit bra år, sjølv om vi ikkje har tal enno. Det vert iallfall ein heilt, heilt annan vinter enn i fjor, seier Welle.

– Beste vinteren på lenge, svarer driftsleiar Øyvind Flåskjær ved Volda skisenter, når vi spør han om det same.

– Vi opna 21. november, og har halde ope sidan, med nokre få unntak, legg han til.

– Her kan det gå mot rekord, seier Tommy Røynstad på Ørskogfjellet Skisenter – og har ikkje tid til å seie stort meir. For han skal selje billettar.