Har du lyst på eit gamalt trehotell?

Gir vekk Grand gratis

Nei, det er ingen forseinka aprilspøk: Vil du ha Grand Hotel på Hellesylt, så får du det gratis. Men då må du sjølv flytte bygget.

HELLESYLT: Flakk Gruppen vil byggje nytt på tomta der Grand Hotel står på Hellesyltneset. No kan du sikre deg det gamle trehotellet heilt gratis, om du flyttar det til ei anna tomt.  

Nyheter

– Den som vil ha hotellbygget, skal få det vederlagsfritt. Det er berre å ta det ned og sette det opp igjen der dei ønskjer, gjerne på Hellesylt, seier eigar Knut Flakk.