I Ålesund er det tilbod om vidareutdanning i engelsk 1 i skuleåret 2017/2018 og matematikk 1 i 2018/2019. På Vestnes blir det tilbod om norsk 2 i 2018/2019.

– Alle desse faga er i konkurranse med Høgskulen i Volda. Det er eit tankekors at regionrådet ikkje vel å bruke Høgskulen i Volda og utviklingsmulegheitene der. Intensjonen har heile tida vore at vi skal stå i dialog med skuleverket i Møre og Romsdal. Dette blir det også lagt opp til frå departementet si side, og at dette skal utvikle lærarutdanninga, seier dekan Arne Myklebust ved Høgskulen i Volda til Sunnmørsposten.

– Spesielt og uventa

Og han held fram:

– Eg er skuffa og forundra over at ein regionalt ikkje tek kontakt med Høgskulen i Volda for å få til gode løysingar på desse vidareutdanningsutfordringane i staden for å gå direkte til ein utdanningsinstitusjon i Trondheim.

Også høgskulerektor Johann Roppen reagerer:

– Når regionrådet tar til å bli ein slags kursfabrikant – det er ein form for samarbeid som skjer her – så gjer dei eit val om kven dei vil samarbeide med. Å samarbeide ut av fylket er spesielt og uventa, meiner han.

Strengare kompetansekrav

Bakgrunnen for det heile er den nasjonale satsinga for at kommunane skal få høve til å fylle dei nye kompetansekrava i skulen, kompetanse for kvalitet (KFK). Dei krev at innan 2025 må alle lærarar i grunnskulen vere kvalifiserte etter bestemte krav.

– Ifølgje ei uformell undersøking vi har gjort i Grunnskulens informasjonssystem (GSI) er det mange som i dag underviser i grunnskulen som manglar den naudsynte kompetansen. Kravet er at læraren må ha 30 studiepoeng i faga norsk, matematikk og engelsk på barnetrinnet og 60 studiepoeng for ungdomstrinnet, opplyser pedagogisk koordinator i Sunnmøre regionråd, Nils Magne Abelseth.

Ikkje nok kapasitet

Han fortel at regionrådet har vore og er i dialog med Høgskulen i Volda og NTNU i Trondheim om dette.

– Lærarane i regionen vil bruke Høgskulen i Volda i fleire fag, men høgskulen har ikkje kapasitet til å flytte undervisning til Ålesund. NTNU i Trondheim, der dei også har lærarutdanning, kjem til Ålesund i dei nemde faga.

Tilbakemeldinga vi har fått frå koordinatoren i Volda er at dei er villige til å strekke seg, men at Høgskulen i ikkje har nok folk til å flytte tilbodet ut av campus. Årsaka er mangel på personell, seier han og tilføyer:

– Kommunane på nordre Sunnmøre skal ha eit godt samarbeid med det lokale høgskule- og universitetsmiljøet i regionen.

– Ingen nytteverdi

– Dette er noko regionrådet må komme i dialog med oss om, seier koordinator ved Høgskulen i Volda, Ole Frank Bakken.

– Vi har ikkje så mange søkjarar frå Ålesund at vi vil lage eit desentralisert tilbod. Det må vere ein nytteverdi i det. Vi har mange KFK-kurs, i alt 10 innan matematikk, norsk, engelsk og naturfag.

Med eit søkjergrunnlag på ca 10-20 deltakarar på kvart kurs kan vi risikere at vi ikkje får starte opp dersom vi også skal gje tilbod om eit desentralisert kurs i Ålesund. Når vi delar søkjarane på kvart kurs blir det så få både i Ålesund og Volda at vi kan risikere at det ikkje vert starta opp nokon plass. Utdanningsdirektoratet har eit minste antall for å starte tilboda, påpeiker Bakken.

– Det kjem folk hit til campus frå søre Sunnmøre, frå Nordfjord, Bergen, Oslo – ikkje berre frå Ålesund, tilføyer han.

Søkjergrunnlag og økonomi

– Ein del av dette handlar om økonomi og søkjergrunnlag. Er dette noko vi skal og bør gjere? Vi kan sjølvsagt legge til rette for desentraliserte tiltak, og at regionen spelar inn. Noko regionrådet må komme i dialog med oss om.

Arbeidsplassen er normalt på campus i Volda. Om folk skal begynne å reise ut blir det med ein gong eit spørsmål om ressursar. Då må vi lage eit tvillingkurs; doble kursa. Vi må framleis ha kursa våre her. Dersom vi også legg til rette for tilbod i Ålesund konkurrerer vi med oss sjølve og kan risikere at tilboda ikkje vert starta korkje i Volda eller Ålesund. Det er ingen tent med, påpeiker han.

– Tenkjer høgskulen litt proteksjonistisk her, at alt må skje i Volda?

– Nei, vi prøver å vere løysingsorienterte. Vi samarbeider godt med regionrådet og prøver å vere så fleksible som vi kan, seier Bakken.

Han fortel at vidareutdanninga innan KFK-fag har minimalt med samlingar, omkring to per halvår, og er mest nettbasert. – Det er ein moderne måte å gjere det på. Vår kapasitet er gira inn i den retning.

At nett kombinert med få samlingar er beste måten å gjere det på meiner også Roppen og Myklebust.

Engelsk, matte og norsk

I inneverande år har NTNU i Trondheim i samarbeid med Sunnmøre regionråd arrangert vidareutdanningstilbod i Ålesund i engelsk 1 for lærarar i grunnskulen. Til hausten vert det nytt kurs i Ålesund, denne gongen i matematikk 1. Då blir det også tilbod om vidareutdanning i norsk 2 på Vestnes i samarbeid med Romsdal regionråd, ifølgje Abelseth.

At det i fjor blei starta opp norsk og engelsk er kjend for Roppen:

– Men matematikk er nytt. Det er noko vi må snakke med dei om.

– Rart å fly inn lærarar frå Trondheim

– Vi har vel litt ei oppleving av at dei som set i gang dette tenkjer at du må ha samlingar på ein stad; altså tradisjonell klasseromsundervisning for at det skal vere interessant. Vi har hundrevis av lærarar som tar vidareutdanning i norsk på nett. Når dette blir starta opp må vi høyre korleis dei tenkjer det, seier Roppen som også synest økonomien i det heile er litt rar: å fly lærarar inn frå Trondheim.

– I Kristiansund har dei også ein draum om å bygge opp lærarutdanning der. Det vil koste frykteleg mykje. Det er vanskeleg å få fagfolk til å starte opp noko slikt. Det er synd at regionrådet på overordna plan byggjer opp kompetanse i Trondheim. Det er noko dei får tenkje på.

Vi vil også gå i oss sjølve og spørje kvifor dei startar opp desse tilboda, når vi har til dels parallelle tilbod. Vi må marknadsføre oss betre. Det er helt sikkert, seier Johan Roppen.