Blanda kjensler om bord i bilferja «Storfjord» då nyhendet om at det ubrotne hegemoniet til Fjord1 på Festøy-sambandet no er brote

Gjekk i ferjekjølvatnet til kvar sin far

– Det var pappa sin jobb om bord i ferja som fekk meg til å verte maskinsjef.

Felles ferjebakgrunn: Både maskinsjef Anne-Mone Strandmann og matros Angel Olav Røren hadde fedrar som arbeidde om bord på lokale ferjer. Det avgjorde yrkesvalet deira. Dei har ikkje rukke å ta stilling til at eit nytt selskap tek over kjernesambandet deira, Festøy–Solavågen. 

Vi har eit fantastisk godt samarbeid på skiftet.

Tone Blindheim
Nyheter

Dette fortel maskinsjef Anne-Mone Strandmann (48) frå Sæbø. Faren Jarle Strandmann jobba om bord i ferja på Hjørundfjorden i alle år. Og dottera stemnde beint imot kjønnstradisjonen og bestemte seg for å gå i faren sitt kjølvatn, alt frå ho var berre jentungen.