(Sunnmøringen) Saka skal til uttale hjå Rådet for funksjonshemma den 10. april.

I saksinnstillinga frå rådmannen, blir det rådd til at ein godkjenner den framforhandla avtalen med Sykkylven legevakt SUS for innbyggarane i Stranda tettstad og Sunnylven

For Geiranger og Liabygda tilrår rådmannen at det blir godkjent legevaktavtale med Ørskog interkommunale legevakt.

Begge avtalene skal gjelde frå 1. mai i år og fram til 1. mai 2020.

For Stranda tettstad og Sunnylven vert det rådd til å seie opp legevaktavtalen med Ålesund på natt.

Selskap under stifting

Sykkylven legevakt SUS er eit selskap under stifting, og kan drifte legevakt utanom kontortid for Stranda og Sunnylven i tida 1530 til 0800 kvardagar. Helg og høgtid frå 0800 til 0800.

Ørskog interkommunale legevakt har opningstid frå 1530 til 2200 kvardagar, samt laurdagar helge- og høgtidsdagar frå 0800 til 2200. Samarbeidet med Ørskog, som gjeld Liabygda og Geiranger, varer fram til Ørskog blir ein del av Nye Ålesund kommune.

I avtalen med Ørskog er det presisert at legevakta ikkje kan rykke ut til pasientar i Geiranger, av omsyn til beredskapen ved legevakta. Ein har her eit godt samarbeid med helseforetaket om bruk av den akuttmedisinske tenesta. På natt vil legevakta gå i Ålesund, frå 2200 til 0800 alle dagar.

Saka sto først i Sunnmøringen.