Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda.

Ikkje alle jublar for tanken om å rive hotellet. Men Tryggestad legg ikkje skjul på kva han meiner:

Store skadar

Landemerke

– Ja, hotellet er eit landemerke for bygda i dag. Men det går an å skape seg nye landemerke.

Stranda-ordføraren synest at Hellesylt, etter å ha vore utan eit velfungerande hotell i mange år, no bør få eit slikt tilbod igjen.

– Og i samband med det helsar eg planane til Flakk Gruppen velkomne. Eit moderne og tidsriktig hotell er noko vi saknar på Hellesylt.

Tryggestad meiner ein no bør sjå framover:

– Skal vi få til vekst og utvikling, treng vi eit heilt nytt konsept, og då synest eg Flakk Gruppen sitt forslag til eit hotell med fokus på naturbaserte opplevingar høyrest svært bra ut.