Nytt av året er at Herøy-selskapet Fallgard har fått 300.000 kroner. Bjørn Ove Endresen og Odd Arne Arnesen har kartlagt marin forsøpling i Herøy.

– Herøy kommune er med, det er også Herøy vidaregåande skule, Herøy Frivilligsentral, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk og Runde Miljøsenter, fortel Endresen til Sunnmørsposten

– Vi fekk avslag i fjor. No har vi gjort eit skikkeleg grunnarbeid, legg han til.

300.000 kroner er også tildelt «Plastfritt Giske», som skal ha ryddeaksjon på dei fire øyane i kommunen.

Sunnmøre Friluftsråd får 2,5 mill. for å halde fram med arbeidet med marin forsøpling på kysten og i fjordane.

161 søknader

I statsbudsjettet er det sett av 65 millionar kroner, men interessa er langt større. Det vart søkt om meir enn 320 millionar kroner, opplyser Miljødirektoratet.