Tala til vegmisjonærar om enorme moglegheiter for turismen i regionen – ber folk vere vakne på verdssensasjonen Stad skipstunnel

Emissær Sævik ser store moglegheiter

– Islendingane har lukkast langt betre enn oss med turisme. Og det er i alle fall ikkje fordi dei har betre ver, klima eller tilkomst!

Gullreiar på gullkysten: Per Sævik brukte Stad skipstunnel som døme på at han meiner mange søv i timen når det gjeld utvikling av reiselivet i regionen. – Når vesle Island langt borte i havet greier det, skulle også vi som bur midt i denne fantastiske regionen, utfordra Sævik. 

Nyheter

Per Sævik stilte onsdag på Kystvegkonferansen i Ulsteinvik for å gje til kjenne sitt syn på satsingsmoglegheitene langs den aktuelle aksen frå Florø og nordover. Han innleidde med å fortelje at han hadde fått valet med å titulere seg som foredragshaldar. Mellom alternativa han såg var pensjonist, emissær, og administrerande direktør.