Trålaren «Molnes» vart ombygd for 100 millionar kroner, og fekk også hydrolyseanlegg for å produsere olje, protein og kalsium av restråstoffet.

– Vi har hatt utfordringar med hydrolyseanlegget sidan båten kom ut. Det har ikkje fungert som det skulle. Grunnlaget for saka er at vi har halde tilbake delar av oppgjeret, brukt vår rett til dette. Det meiner dei er feil og meiner dei har krav på fullt oppgjer, seier Tore Roaldsnes i Nordic Wildfish.

Illustrasjon: Dette bildet er frå det avanserte landbaserte anlegget som Hofseth Biocare har i Midsund. Foto: Vetle B. Farstad

Sunnmøre tingrett har sett av fem dagar til saka siste veka av juni.

– Klassisk konflikt

Anlegg som produserer olje og protein av restråstoff er ikkje nytt. Det som er spesielt er at denne prosessen er flytta om bord i ein båt.

– Dette er ein klassisk konflikt. Vi bestilte eit anlegg, det fungerer ikkje som det skal, og då er spørsmålet kven som skal ha ansvaret for å få det til å fungere og eventuelle justeringar.

Reiar: Tore Roaldsnes på fiskerikonferansen The Next Wave på Giske i mai i fjor. Arkivbilde. Foto: Staale Wattø

Roaldsnes fortel at det blir forhandla mellom Nordic Wildfish og Skala for å prøve å løyse det før rettssaka startar.

Det var leverandøren Skala som gjekk til retten.

– Vegen vart litt annleis enn vi hadde tenkt. Det er ein tradisjonell konflikt som no er blitt juridisk, seier adm.dir. Steinar Spydevold til Sunnmørsposten.

– Det er ein forholdsvis stor sum, seier Spydevold utan at han vil gå meir inn på dette.

Framleis i testfase

Tore Roaldsnes fortel at dei så langt ikkje har hatt inntekter på det relativt avanserte hydrolyseanlegget. Om dette økonomiske tapet er ein del av kravet vil ingen av partane seie noko om.

– Vi har testa anlegget, og vi har halde det ved like og justert det. Vi er framleis i ein utprøvingsfase, og skulle gjerne vore i full drift, seier Roaldsnes.

I går lossa dei hyse som dei har fiska oppe ved Tromsø. Også på denne turen skal det avanserte anlegget ha blitt testa ut. Roaldsnes er sikker på at det blir inntektsgjevande produksjon på sikt.

– Vi har framleis ambisjon om at dette skal vi få til.